Salesman

Regissør:
Albert Maysles og David Maysles
Produksjonsår:
Beskrivelse:
I denne komisk-tragiske fluge-på-veggen-dokumentaren møter vi fire katolske menn som går frå dør til dør for å selje biblar. Det er ikkje ein takksam jobb. Dei må heile tida streve for å selge nok. Ein av dei fire, Paul Brennan; ein middelaldrande og sliten mann, klarer ikkje å møte krava så godt som før, og filmen følger hans gradvise fallitt som følge av at han ikkje lenger har den energien som trengs. Han er lei av å kome heim etter arbeid utan å ha selt nokon ting, og han er lei av heile det systemet som han har vore ein del av i fleirfaldige år.